Ringoy Camping

Ringøy Camping - tett på fjorden


Heilt nede ved fjorden ligg Ringøy Camping. Her er det god plass til bubil, campingvogn og telt.
I vakre Hardanger er det mykje fint å oppleva for store og små, og Ringøy Camping passar ypparleg som base for ekskursjonar i nærområdet. Forslag til aktivitetar og turar kan du lese meir om her.

Alle våre gjester er hjarteleg velkomne til å låna robåten vår. Du kan også bruka veden og fyra opp på den koselege bålplassen. På veggen ved toaletthuset finn informasjon om ein av dei mange gåturane i området. 

Prisar og betaling

I ruta til høgre finn du prisar. Når du kjem til Ringøy Camping kan du sjølv finna deg ein plass, det er ingen resepsjon på campingen.

Betaling: Scann Qr-koden som heng på sanitærhuset og betal via Campio.

Velkomen til Ringøy camping!